ROSS
Ross er den fyrste kattungen me fekk i  vårt oppdrett.
Han er Aisha sin fyrstefødde og såg dagens lys 4 dager før tida 26 april 2008.
Dei fyrste 5 vekene heitte han Rachel Green, men då det vart klart at ho var ein han måtte me døype han om til Ross Geller.

Ross var spesiell frå det sekundet han kom ut. Han er prikk lik pappaen sin i utsjånad med den kvite gode pelsen og  isblå auge du kan drukne i. Når det gjeld gemytt er han ein kombinasjon av mamma og pappa. Altså mellom anna veldig kosete, hyper, glad i mat og ikkje minst VELDIG pratesjuk.

Han er veldig glad i mat og har heile vegen vore den største i kullet.
Det kjekkaste han veit er å leike med sine søsken, mamma, onkel Mattis og tante Edvina.
Etter kvart som dei andre kattungane har flytta har det blitt vel mykje leikeing med dei tre vaksne. Så han får til tider mykje bank, noko som ikkje ser ut til å stoppe han ;)

Han likar seg godt ute i kattegården, men foretrekker at me sit på terrassen når han er ute. Viss me går inn eller ikkje er ute med han så skrik han så alle naboane høyrer det for då vil han inn til oss. Spelar inga rolle at både mamma, onkel Mattis og tante Edvina er der ute med han.

Teknisk er han alt ein kan ynskje seg av ein skogkatt: rett profil med høg panne, store og spisse øyrer med tufser og god brei base, lang og tung kropp, lang hale og ikkje minst ein utruleg god pelskvalitet som allereie har fått masse dekkhår.

Me er veldig spent på å sjå korleis han gjer det på utstilling. Han skal få sin debut på Sørak utstillinga16 og 17 august.

Ross har no vært på 3 utstillinger og har gjordt det veldig bra.

Ross er no blitt 7 mnd og vege 4,5 kilo.

Til vår store fortvilelse og sorg døde Ross 13 februar 2009 berre 9 monader gamal.

Han er sårt sakna og vil alltid ha ein spesiell plass i hjarta vårt.

Kvil i fred elskede Ross
©Copyright (N) Central Perk's 2008