Velkommen til vår heimeside
Vår familie består av sambuarparet Inger og Karina og dei 4 kattane Mattis, Aisha, Edvina og Chaussette.
Vi har budd saman i 7 år og forlova oss 31 mars 2007.
25 juni 2010 står bryllupet i Madrid, Spania.
Både Karina og Inger kjem frå Hordaland. Karina er frå Bergen medan Inger er frå perlo i vest Bømlo.
Vi bur i eit heilt nytt rekkehus på Klepp utanfor Stavanger,
som vi flytta inn i 8 desember 2007.
Kattane er fullverdige medlemmer av familien og har fri tilgang til heile huset.
Dei har også ein ca 6 kvm stor kattegård i hagen.
Navnet Central Perk's er frå serien Friends.
Det er namnet på kafeen som karakterane i serien er på heile tida.
Vi er store fans av den serien, har alle sesongane på dvd og kan vel dei fleste replikkane.
Det var vel det einest namnet vi begge følte kunne passet til vårt oppdrett.
Central Perk's fyrste kull, Friends kullet blei født 26 april 2008.
Foreldre er vår kjære Aisha og (N) Myrtekransen's Ariel.
Frå vårt fyrste kull beholdt me sjarmtrollet Ross Geller. Dessverre døde han berre 9 mnd gamel.
Central Perk's andre kull blei født 18 oktober 2009.
Foreldrene er vår kjære Edvina og Aisha sin halvbror Jatoba's Bazz.
Frå dette kullet beholdt me dronninga Audrey Hepburn,
ho bur hos våre gode venner Tone og Jon Terje som bur ca 5 min frå oss.
Central Perk's tredje kull blei født 9 november 2009.
Foreldrene er vår kjære Aisha og Sannafjället's Kaxe.
Vi trives godt på utstilling og deltar på det fleire gonge i året. Helst i Rogaland og Hordaland, men drar også litt til Sverige og andre stadar i Norge.
Vårt mål som oppdrettare er å få fram friske, vakre, store og rasetypiske norske skogkattar med eit herleg gemytt.