EDVINA
Me hadde bestemt oss for at vår neste katt skulle være ei ho katt og ho skulle vera ei skilpadde med mykje kvitt.
Vi surfa lenge på internett og til slutt fant me eit lite oppdrett nær Uppsala i Sverige, der vesle Babe Edvina nettopp var fødd på sjølvaste valentinsdagen. Vi reiste i nesten 20 timar for å hente ho i juni 2007.

Edvina glei rett inn i gjengen og trives veldig godt saman med dei tre andre. Ho diltar etter uansett kvar dei andre går og ho skal helst ligge rett ved eller oppå dei, spesiellt Mattis.

Ho er eit stort matvrak. Uansett kva som skjer på kjøkkenet kjem ho springande for å sjå om det kan være moglegheit for mat. Ho er også under den oppfatning at jo høgare ho ropar, jo større sannsynlighet er det for at vi skal finne noko godt til ho.

Ho er verdas største kosemaskin. Ho startar på golvet med å lage koselydar for så å hoppe opp i fanget, der ho har bakbeina på fanget ditt og frambeina oppå brystet ditt medan ho gnikkar anletet sitt i ditt. Ho tråkkar med alle fire og mel som eit uvær.

Edvina er ei stor hokatt og vog allereie i ein alder av 13 monader 4 kilo. Ho er lang og høgbeint med god beinstamme. Ho har ein rasetypisk utsjånad med veldig lang og rett profil, god trekant og bra pelskvalitet.

Vi hadde planar om at Edvina skulle få sitt første kull i løpet av haust / vinter 2008. Den flotte hannkatten ho møtte var GIC (N) Tingoskatten's Gaute. Vi hadde stor tru på denne kombinasjonen, men etter to besøk hos Gaute, og eit innbilt svangerskap, skal ho no få møte ein anna gutt.

Edvina er den av våre tre som trivs best på utstilling. Alt er greit for denne frøkna.
Edvina fekk sin Champion tittel på Hansakatten sin utstilling 7 juni 2008.
Etter dette har vi forsøkt å få kull på ho så ho ligg litt etter når det gjelder utstilling.

Edvina er blitt 2,5 år gamal og veg 4,5 kilo.

Edvina blei parra med GIC (N) Jatoba's Bazz som er halvbror til vår Aisha i august 2009

18 oktober 2009 fødte Edvina 4 små nurk.
Kullet blir kalla opp etter store filmskodespelarar frå gamle svart/kvit filmar.
Audrey Hepburn, Humphrey Bogart, Clark Gable og Marlon Brando.
Edvina er ei flink og tolmodig mamma.
Kattungane til Edvina er no blitt 8 veke gamle og Edvina har sitt svare strev med å helde styr på dei. 
©Copyright (N) Central Perk's 2009