Aisha kom til oss hausten 2006 etter me hadde jobba hardt med lengre tids lobbyvirksomheit med Olav og Rune ( Jatoba's). For me hadde bestemt oss for at me ville ha ei sølv jente ;)
Aisha er DIVA med stor D.
Ho veit korleis ho vil ha det og gjer klar beskjed hvis ho ikkje er nøgd. Ho og er også sjefen i flokken, men ein snill og tålmodig sjef :)
Ho er også den mest nyfikne katten som finnes (trur me), alt skal sjekkast og undersøkast.
Ho er ein stor malemaskin. Ho har nok vore årsak til at mamma har forsove seg meir enn ein gong, for om morgonen kjem ho snikande og legg seg på magen til mamma og mel som berre juling. Det kan lett ende med at mamma somnar att.
Aisha har alle kvalitetar man kan ynskje i ein norsk skogkatt.
Lang feminin kropp, god beinstamme, veldig bra sølv pels som krever lite stell, store tufsar, bra trekant og rett profil. Når ho er i kondisjon har ho også ein meget bra hale (sjekk bileta teke hjå fotograf).
Aisha trives heilt greit på utstilling. Ho har ein tendens til å kjefte litt på dommarane, men ingen har tatt noko skade av det enda.
Ho tok certa sine på alle utstillingane ho var på fram til ho ble International Champion.
Etter dette har det stoppa litt opp, då ho treng litt tid på å vokse.
Steven Jones sa det så bra " hun er en perfekt klasse 11! ", då var ho klasse 7 og 1,5 år gamal.
Aisha blei parra med CH (N) Myrtekransen's Ariel i februar 2008
Aisha blei mamma for fyrste gong 26 april 2008 til 4 nydelige små nøster. Dette er vårt oppdretts fyrste kull og dei blei derfor natuleg nok kalla Friends kullet. Aisha fekk 2 jenter, Monica Geller og Phoebe Buffay og 2 gutter, Chandler Bing og Ross Geller. Ross Geller beheld me sjølve medan dei tre andre har fått nye heimar som me er godt nøgde med.
Aisha viste seg å væer ei veldig flink og kjærleg mor, alle divanykker forsvant når babyane meldte sin ankomst.
Aisha er blitt 3 år gamal.
Aisha mangler no berre eit utanlandsk cert for å nå GIC tittelen sin, men ho må ha eit kull til før me tek ho med oss til Sverige. Vi håpar at ho skal legge seg litt meir ut etter kullet.
Aisha blei parra med S* Sannafjället's Kaxe i september 2009.
Aisha blei mamma for andre gong 9 november 2009 til 3 nydelige små nurk. Dette kullet er kalla opp etter musikarar som hadde hadde si storheits tid på 70 tallet. Kullet består av Janice Joplin, Jim Morrison og Jimi Hendrix.
Aisha sin kattungar er no blitt 5 veke gamal. Aisha har no lagt seg godt ut og veger no ca 4 kilo.